Kjestad | ||||||||||
Første lekken av gardsnamnet inneheld sikkert eit personnamn. Kjestad har i 1668 ei skyld på l 1/2 hud og er Oslo bispestols gods. Garden har kvern i 1668 og 1723. Setrar på Gravdalen i 1668. Søre Kjestad setrar i dag i Bergemillom. Nørdre Kjestad setrar på Nysetra. Gravdalssetra er seld. Setra i Bergemillom er kome unna Stø. I 1865 har Kjestadgardane utslåttar i baklia. Kjestad vart delt i to gardar, øvre og nedre, eller søre og nørdre Kjestad, i 1797. Kjestad har 1 husmann i 1801 og 1865. | ||||||||||
|
||||||||||
|
||||||||||
Eigarar og brukarar: | ||||||||||
KJESTAD. | ||||||||||
Det er vanskeleg finne skikkeleg greie på bygsellendingane på Kjestad i eldre tid. I 1668 er Erik Hansen brukar. Gift med Anne Jonsdtr. Erik Eriksen bygsla garden etter faren. Gift med Beret Monsdtr. Mons Eriksen far i 1753 loyve av fauten til A bruke under Kjestad ei engelykkje, Lia, på vestsida av Laugen, som han har "ryddet og optaget i Almindingen". I 1753 har han grovt fornærma Østen Forbrigd, og må ta tilbake orda sine og be om tilgjeving. Erik Monsen overtar bygsla av Kjestad i 1758. Han var brukar under Ofsen i 1789. På Kjestad vart 7 mål åker skadd av jordskriu og flombekkar. 4 mål kan settast i stand att. Av enga på 6 mælingar er 3 mælingar skadde av jordskriu. Dei kan settast i stand att i løpet av 10 år. 1 kvernhus ført bort. 224 alnar skigard (ca. 150 m.) ført bort. I 1797 blir Kjestad delt i 2 gardar, i det Erik Monsen avstår bygsla av Kjestad for halve garden til sonen Mons Eriksen, og den andre halvdel til Ole Amundsen skoleholder. Biskop Smidt gir bygsel til dei på kvar sin halvdel av garden. Dei skal saman svare førå til Erik Monsen og kone. |
||||||||||
KJESTAD, NØRDRE (328/4). | ||||||||||
Mons Eriksen Kjestad fekk bygsel på halve Kjestad i 1797. Hans Monsen
fekk kongeskjøte på Kjestad i 1847. Gift med Mari Hansdtr. . Anders J.
Bue kjøpte Kjestad av Hans Monsen Kjestad i 1877 for kr. 4 600 og førå. Min bestefar Petter Olsen Klomstad kjøpte Kjestad av arvingane til Iver Ostensen Forbrigd i 1900 for kr. 3 000. Gift med Marit Olsdtr. Stormorken. I 1911 kjøpte han ein del av Klomstad, søre nedre, som brukast saman med Kjestad. Peder Myrhaugen tok over Kjestad etter svigerfaren Petter Klomstad i 1933. Gift med min tante Ragnhild Pettersdtr. Klomstad. Petter Matias Kjestad nåverande eigar. |
||||||||||
|
||||||||||