KLOMSTAD.

Nokor tyding av første lekken i namnet er ikkje gitt. Eldste skrivemåten er frå 1496, der skrive Klummestad. Første lekken løyner truleg eit personnamn eller tilnamn ph ein person. Klomstad hørte frå gammalt til dei større stad-gardar i Kvam, ved sida av Sigstad og Klevstad. Klomstad er truleg delt i 2 gardar alt i mellomalderen. I 1604 er Klomstad ein fullgard og ein halvgard. I nyare tid vart Uppigard Klomstad delt i 2 gardar, slik at vi fekk 3 Klomstadgardar.

Klomstad er funne ein spjotodd frå, vikingtida.

Nigard Klomstad har i 1668 ei skyld på 2 1/2 hud og er kongens eigedom. Den andre Klomstadgarden har ei skyld på 2 huder 3 bismarpund fisk. Det svarar til 4 huder. Under denne garden ligg dessutan Helgøya engeland, 2 skinn, og Furuset engeland, 2 1/2 skinn. Kongen er eigar av garden med tilhørande engeland. I 1723 er denne garden vorte sjøleigande. Helgøya og Furuset ligg framleis under garden og er gått inn i skylda til garden. Helgøya, som ligg ein 7-8 km. nord for garden, har truleg fått namn av mannsnamnet Helge. Det er neppe nokon grunn til å tru at det er ordet hellig som ligg til grunn for namnet, slik som tilfelle er med Helgøya i Mjøsa.

Båe Klomstadgardane har kvern i 1668 og 1723. Båe gardane setrar på Nyseter i 1668, der gardane også setrar i dag. I 1723 har Klomstadgar-dane 1 husmann saman. I 1801 har dei 7 husmenn kvar seg. 1 1865 har dei 3 Klomstadgardane 12-13 husmenn. (Nigard Klomstad har 5 husmannsplassar på vestsida, Øvre Klomstad har 3 husmannsplassar og Nørdre Klomstad har 1 husmann. Dessutan har dei ein del plassar saman). Under Klomstad låg i lange tider Brudal, som var eit sjølvstendig matrikulert rydningsbol i 1668. Det vart først fråselt Klomstad i seinare tid.

Klomstad er antakelig det poststed i Trondhjemsruten som er nevnt i "Forklaring til Pontoppidans kart 1785" og som ca 1800 fikk navnet Kjørum i Qvam. Opprettelsen er ukjent. Ref. Poststeder - en historisk oversikt.

 
Krytyrhald:
1658:

3 hestar, 16 naut, 16 sauar, 3 grisar - Uppigard Klomstad.
3 hestar, 12 naut, 10 sauar - Nigard Klomstad.

1668: 5 hestar, 27 naut - Uppigard Klomstad.
3 hestar, 18 naut - Nigard Klomstad.
1 hest, 5 naut - Brudal.
1723: 5 hestar, 1 føl, 28 naut, 32 sauar - Uppigard Klomstad.
3 hestar, 17 naut, 16 sauar - Nigard Klomstad.
1865: 5 hestar, 15 naut, 24 sauar, 7 grisar - Søre Klomstad (Nigard).
3 hestar, 21 naut, 30 sauar, 3 geiter, 3 grisar - Øvre Klomstad.
3 hestar, 22 naut, 24 sauar, 1 geit, 3 grisar - Nørdre Klomstad.
1 hest, 4 naut, 9 sauar - Dokka.
1 hest, 4 naut, 9 sauar - Dokka.
1 hest, 5 naut, 13 sauar, 5 geiter - Klomstadhaugen.
1 hest, 3 naut, 4 sauar, 1 geit, 1 gris - Øya.
1 hest, 4 naut, 12 sauar, 10 geiter - Bakken, øvre.
1 sau, 11 geiter - Berget.
3 sauar, 6 geiter - Klomstadlia.
(Bondestad utan dyr og utsede).
1 sau, 16 geiter - Jakobsplassen.
1 hest, 10 naut, 18 sauar, 3 geiter Klomstadlia.
1 naut, 8 sauar, 8 geiter - Berget.
1 naut, 6 sauar - Bakken, nedre.
1 hestar, 6 naut, 18 sauar, 2 geiter - Brudalen.
1 hest, 4 naut, 4 sauar, 7 geiter - Brudalen.
1 naut, 5 sauar, 10 geiter - Tjyrua.
1 naut, I sau, 2 geiter - Klomstadmoen.
3 naut, 1 geit - Klomstadhauglia.
 
Utsede:
1668: 10 1/2 tønne - Uppigard Klomstad.
7 tønner - Nigard Klomstad.
1723: 1 skj. rug, 8 t. 4 skj.bygg - Uppigard Klomstad.
5 t. 4 skj. bygg - Nigard Klomstad.
1865: 3/8 t. rug, 13 t. bygg, 1/4 t. erter, 9 t. poteter - Søre Klomstad.
3/4 t. rug, 6 t. bygg, 4 t. bl.korn , 3/4 t. erter 10 t poteter - Øvre Klomstad
3/8 8 t. rug, 6 t. bygg, 2 t havre, 7/8 t. erter, 11 t poteter Nørdre Klomstad.
 
Eigarar og brukarar:
 
KLOMSTAD, NIGARD (329/1).

Nils er brukar i 1658.

Oluf (Ole) Nilsen er brukar i 1668. Gift med Marit Sveinsdtr. Seinare oppattgift med Tore Engebretsdtr. Oluf Nilsen død 1699.

Erik Olsen har truleg bygsla garden. Død 1685. Gift med Rønnaug Gunnarsdtr.

Svein Olsen har vel bygsla garden etter broren. Han fekk kongeskjøte på Klomstad i 1727 for 496 dr. Gift med Embjor Olsdtr. Han er død 1732.

Ole Sveinsen vart brukar av garden etter faren. I 1754 festar Ole Sveinsen og Ole Eriksen Klomstad bort ein felles husmannsplass under Klomstadgardane, Raubakken, til Anders Knutsen. Årleg avgift 8 skurmål og 2 vekers slått, halvdelen kvar. Ole Sveinsen gift med Tore Olsdtr.

Ole Olsen fekk skjøte av mor og medarvingar på Klomstad i 1765 som eldste son for 530 rd. Gift med Anne Olsdtr.

Nigard Klomstad vart mykje øyelagt av Ofsen 1789. Av åkeren på 40 mål er 3 mål øyelagt av jordskriu. Dei kan settast i stand att. Av enga på 32 mælingar er 30 mælingar øyelagt. 3 grisar miste livet. 1 kvernhus fort bort av elva

Ole Olsen fekk skjøte på Klomstad som eldste son av faren i 1798 for 575 rd. og førå. Gift med Rønnaug Pedersdtr. Vik. Ole Olsen død i 1820. Rønnaug Pedersdtr. gifta seg oppatt med Peder Hansen Brende.

Ole Olsen Vik, gift med Anne Olsdtr. Klomstad, fekk skjøte på Klomstad av støfar til kona Peder Hansen Brende i 1823 for 800 spd. og førå til mor til kona Rønnaug Pedersdtr.

Ole Olsen fekk skjøte av faren på Søre Klomstad i 1868 for 2 000 spd. og førå. Ole Olsen er bror til Rønnaug Klomstad min oldemor. Han utvandra senere til Amerika.

------------------------------------------------

Landhandlar Oluf Hagen fekk auksjonsskjøte på Søre Klomstad 1898 for kr. 13 500. Han står også som eigar i 1886. (Etter Oluf Hagen hadde Nigard Klomstad fleire eigarar for Gunvald Berge, Gausdal, vart eigar av garden. Gunvald Berge selde fri garden fleire partar og parsellar). Ingvald Dahl kjøpte Søre Klomstad i 1910 av Gunvald Berge. I 1906 hadde han kjøpt Øvre Klomstad med BrudaI av Ole Amundsen Klomstad for kr. 12 500 og førå. Sidan 1910 har desse to gardane vore brukt saman. Gift med Sigrid Sylte.

Paul Dahl Klomstad overtok gardane etter faren i 1925. Gift med Marit Skar. Han dyrka kring 50 mål ph ein skogteig på Stølom og 6 mål på Nysetra. Ivar P. Klomstad nåverande eigar.

 
 Table of descent - Index - Moen - Fautgarden - Kjestad