Vetl-Sandbu (Fautgarden)
 
VETL-SANDBU (FAUTGARDEN) (348/1).
fautgarden

Vetl-Sandbu må vera kome unna Litljem. I 1756 leiger Hans Hansen Litljem bort plassen Sandbuslykkja under Litljem med seter og "hosliggende engeland av same namn" som plassen for 10 rd. Årleg til kaptein Fredrik Kraft. Fredrik Kraft for rett til å, bygge "værelser paa hvad Tomt hand inden Pladsens Eiendeele selv finder for godt, ligesom han og tillades at tage brændeveed og anden gaards tilfang hand kand behøve og hvad sted i sameijen saavidt min gaards deel kand tilkomme hvad samme forlanger". Han skal ikkje forhogge skogen, og halde oppsyn med tenestfolka sine at dei ikkje er skøyteslause med same. Dersom han skulle bli forflytt, eller han med kone døyr, skal dei eller dødsbuet ha rett til å selje bygningane fritt, dersom ikkje Hans Hansen vil betale dei etter "besigtigelse".

Namnet Sandbuslykkja må vel helst vera oppkallingsnamn, med tilknyting til ein Sandbusgard. Det ser ut til at i 1756 var det både ein plass Sandbuslykkja og eit engeland Sandbuslykkja, som vart slått saman, da kaptein Kraft leigde det. Kaptein Kraft har truleg bygt representative hus der.

Namnet Fautgarden har garden fått fordi fauten Christen Pram budde der på sine gamle dagar. Muleg har og andre av fautane budd der før Sigstad vart utlagt til fautgard. Men garden vart visstnok mykje øyelagt av ofsen. Da garden ikkje var skyldsett så vart det heller ikkje halde serskilt takseringsforretning der.
Vetl-Sandbu er oppført som tidlegare umatrikulert i matrikkelen av 1818. Men han som brukar garden i 1801 er nemnt som gardbrukar, så det er muleg garden har hatt ein slags eigedomsstatus, eller han kan vera bygsla bort.
Vetl-Sandbu setrar på Haugseter. Garden har 1 husmann i 1865.

 
Krytyrhald:
1865: 2 hestar, 11 naut, 23 sauar, 8 geiter, 2 grisar - Vetl-Sandbu.
  2 naut, 1 sau, 4 geiter - Leirbakken.
   
Utsede:
1865: 1/2 t. rug, 4 t. bygg, 1 t. havre, 4 t. poteter - Vetl-Sandbu.
  1/2 t. havi,e, 2 t. poteter -- Leirbakken.
   
Eigarar og brukarar:

Mikkel Jensen er brukar i 1801. Gift med Beret Olsdtr. Om han har bygsla garden eller er eigar av garden er ikkje kjent.

Knut Hansen står som brukar ved matrikuleringa i 1818. Hans Knutsen fekk skjøte på Vetl-Sandbu i 1818. Gift med Guro Hansdtr. Teigen. Oppatt gift med Kari Monsdtr. Kjestad. Kari er søstra til Embjørg Monsdtr som var gift med Peder A. Moen. Knut Hansen fekk skjøte på Vetl-Sandbu av Hans Knutsen i 1871 for 500 spd. og forh. Knut Hansen utvandra til Amerika i 18??. Han var bror til Randi Hansdtr. min tippoldemor.

--------------------------------------
Ole Kristoffersen Sletten kjøpte Vetl-Sandbu av Knut Hansen i 1880 for kr. 3 200.
Hans Olsen Grote kjøpte Vetl-Sandbu av Anne Torsdtr., enke etter Ole K. Sletten i 1907 for kr. 5 000.
Johan Olsen Lien kjøpte Vetl-Sandbu av Hans Grote i 1910 for kr. 6.700.
Ola J. Lillesandbu overtok etter sin far i 19??.
Åge O. Lillesandbu nåverande eigar.
 
 Table of descent - Index - Moen - Klomstad - Kjestad